onsdag 2. april 2014

Distriktsmesterskap i blomsterdekorering 2014

 
Lørdag den 29. mars vart årets distriktsmesterskap i blomsterdekorering avholdt på Oasen-senteret i Fyllingsdalen! Eit år sidan sist, så det er kjekt å møte "blomsterfolk", og verte inspirert. I år var det veldig mange deltakara med, heile 16 i A-klassen og 10 i B-klassen. A-klassen er for dei med fagbrev som blomsterdekoratør eller meir enn 4 års erfaring, og B-klassen for lærlingar eller dei med mindre enn 4 års erfaring.
 
Denne gongen enda det med delt  3. plass og bronsemedalje for min del, veeeldig kjekt! :)
 
 
 
Denne gongen var det eit såkalla "Her&Nå" mesterskap, dvs at me får oppgåvene to dagar i forveien, kan ikkje forbereda noko fysisk, og stilla på konkurransedagen med verktøyskoffert. Me fekk oppgåvene torsdag 27.3:
Oppg 1: Blomstersmykke til krage/hals
Oppg 2: Borddekorasjon
Så var det til å tenkje ut noko lurt då :)



 
Varebehandling pågår før konkurransestart.

 
Me fkk utdelt mange forskjellige gule, rosa og nokre oransje blomster i tillegg til grønt.

 
Halvvegs med blomstersmykke. Me fekk halvannan time på kvar av oppgåvene, og sjølv om det er greitt med tid, skulle ein alltid hatt nokre minuttar meir enn det ein har :)

 
Oppgåve 2 igang, me fekk utdelt ein sokalla "TableDeco" I oppgåveteksten står det at den MÅ benyttast. Fredag før konkurransen, når eg idemyldra på telefonen med Ailin, kom eg fram til at eg ville lage ein høg dekorasjon. Ailin stiller kristiske spørsmål til ideane undervegs, og sånn dannar ein seg eit bilde av korleis det skal sjå ut. Detaljane og korleis det vert løyst, blir til i konkurransetida, det er med ein gong annleis når ein får materiala i hendene.

 
Greinene ein fekk utdelt, heiter Salix "Golden Curls" Nesten som vrihassel men ein annan tresort, mykje meir "medgjørlig".

 
Nærbilete av de gule nellikane, herlig farge.

 
Det er alltid slik etter ein konkurranse, at ein ser kva ein skulle ha gjort annleis, ikkje minst får ein høra det av dommarane. Det er jo og heile poenget med konkurranse: Ein skal lære noko nytt! Bli inspirert!

 
Så skulle eg gjort det om igjen, hadde eg redusert bruken av de rosa blomstrane. Men det får eg hugse til neste gong! (Seier det kvart år)
 

 
Nærbilete av den rosa Santinien. Sukk, så fine :)

 
Ventetida var laaaang etter konkurransen, heldigvis hadde eg godt selskap av Ailin som venta ilag med meg © Dommarane skulle gjere seg ferdig med bedømming, så skal tala førast inn, så skal poenga reknast saman, og samanliknast... Men; når ein kan reise heim med bronsemedalje, gjer ikkje litt venting noko :)
 

 
Bilde teke i bilen på veg heim, via Instagram.
 
Stolt, glad, og fornøgd med dagen :)
 
 
Ingvill

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar