søndag 1. september 2013

Brudebukett med lilla orkide Vanda "Black Magic Purple"

 
Ein hektisk bryllupsesong nærmar seg slutten, sjølv om me framleis har nokre bryllup å sjå fram til:)
I juni laga me blomsterdekor til Cesilie og Bjørn Helge sitt bryllup, med lilla Vanda "Black Magic Purple" som hovudblomst. Den er berre så eksotisk og lekker, med fantastisk fargespel i ein og same blomst.

 
Brudebuketten hennar bestod av Vandaorkidear, minisukkulentar "Oreostachys", Hjertegress "Brize Media", lilla streng, sølvstreng og kvite perler.
 
 
 
Brudgommens corsage var ein enkel Vandaorkide, pynta med sølv, og kvit perle.


 
Borddekorasjonane, 8 i talet, vart laga med ulike lilla blomster. Lave, avlange dekorasjonar kler eit bryllupsbord godt, dei gjer mykje ut av seg, utan å forstyrre det som skjer ellers.

 
Me brukte Lisianthus, Levkøyar, Plumoses, Limonium, Hosta, Clematis, Vandaorkidear og harlequin-Hortensia i ulike lillatonar.

 
Lekkert fargespel og mønster i orkideane...
 

 
Clematis...

 
Harlequin-Hortensiane hadde utrulig mange fargar på ein og same blomsterstilk. Nokre var ganske lilla, andre nesten heilt kvite.

 
Brura hadde sett hjerter som me laga til eit bryllup tidligare i år, dei var då kvite. Ho ønska seg noko liknande, med litt meir rustikt utrykk, og gav oss frie tøylar.

 
Resultatet blei desse hjerta som me laga med Syrengreiner, og pynta med lilla Limonium og Vandaorkidear.

 
Hjerta blei brukt som kirkepynt, først inne, så ute, og seinare pryda dei festlokalet.

 
©
 
Ønskjer alle ein fin kveld, fleire bryllupsblomster på bloggen kjem snart:)
 
Ingvill
 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar