torsdag 30. mai 2013

Hage og interiør

 
 
Litt stille på bloggen siste tida, men med konfirmasjon, 17.mai, og andre ting som skjer, vert da av og til slik:) Fleire bryllup har me også vert i sving med, eigne innlegg om dette kjem! Blomsterverkstaden har eigen uteavdeling, som no bugnar av lekre sommarblomster, staudar, vintergrønne busker, urter, jordbærplantar, forskjellige tre og busker. Og når det er så deilig ver som det har vert idag, er det so kjekt å pusle med uteplantane:) Skikkelig sommarsdag! Staudeutvalget kjem me også til å skrive litt om, men kan sei sopass at alle er valgt ut ifrå eigen erfaring, både med hensyn til hardførhet, korleis de oppfører seg, og de fleste er valgt med tanke på at sniglane ikkje skal la seg begistra so veldig..... :) Syns godt dei kunne ete utelukkande løvetann!
 
Ein av levarandørane våre i Danmark har desse veldig fine etasjefata, med heile fem høgdar. Nokon ville gje eit slikt i bryllupsgåve, med noko ekstra.

Me valde å laga Chrysanthemum-kuler i ulike størrelsar tilpassa de ulike fata. Reint og enkelt, men samtidig noko meir

Me har tidlegare hatt denne pokal-potteserien i sølv, som mange har fått glede av, no har me også fått den i kvitt! Superfine!

Her ser de den i sølv, fått ny ladning! :))

Deilige Stemorsfiolar i lysegult... Ååååå so vakre!




Kremgule Potteroser som matchar Stemorsfiolane..


Sink-potter med fugl og Magnolia-trykk i to størrelsar.

Brunt smijernsstativ til potte med VELCOME skilt. Korger i mange ulike størrelsar har me, og sjølvsagt flotte busk-Margerittar.

Stilige hage-ugler, 40 cm høge.

Staselige sink-urner i størrelsar, med løve-ring på sidene, og bord oppe. Store!

Og lekre sommarfugl-Lavendelbusker. Blomstrar heile sommaren!

Krone-espalier i to størrelsar til klatreplanter. Denne veka fyller me opp med mange ulike klatrarar; Clematis, Lonicera, Eføy, Pasjonsblomst og ikkje minst Blodbeger. Fantastisk riktblomstrane, i lekker raudlilla farge.

Me har også eit godt utval med Rhododendron, "Markeetas Prize" mellom anna, som blomstar no, med gigantiske blomstrar!


Til slutt ein av årets favoritt-nyheiter, SVARTE Petunia!!!! Og for ein av oss som elskar svarte blomster; FOR ein glede!! :)))))))

Ynskjer alle hjarteleg velkommen innom til oss, har du spørsmål rundt hage/bed/plantar ta kontakt, me hjelper deg gjerne! :)


Ingvill&Ailin