søndag 7. april 2013

Distriktsmesterskap i Blomsterdekorering

Lørdag 16. mars gjekk årets distrikstmesterskap i Blomsterdekorering av stabelen på Bergen Storsenter. Dette er ein av årets store hendingar i blomsterbransjen, og alltid veldig gøy!!  I år skulle den eine oppgåva vere forberedt, så den fekk me ca 1 månad før mesterskapet. Oppgåva var: BLOMSTER OG/I MOSAIKK: Lag eit blomsterarbeid inspirert av mosaikken.
 
Overraskelsesoppgåva fekk me to dagar før mesterskapet, men kun til å tenka på, den skal løysast på konkurransedagen.
 
 
 
Her ser det da ferdige resultatet av den forberedte oppgava. Ein brudeparaply:) Mange timar med tenking, planlegging, forberedelsar, prøving og feiling ligg bak eit slikt arbeid. Både teknikk, ide`, farge og komposisjon skal vurderast av dommarane.
 

 
Overraskelsesoppgåva er ferdig. Oppgåva var: KRANS: Lag eit blomsterarbeid inspirert av kranseformen. Deltagarene fekk 1 time og 15 minutt til å løyse denne oppgåva.
 
 
 
Alle materiala me kunne bruke til denne oppgåva fekk me utdelt på konkurransedagen. Me vel fritt blandt desse kva me vil bruka. Me fekk forskjellige strå og gress, gåsungar, raude Cymbidium orkidear, ferskenfarga Nellikar, kvit Allium og lilla Stjerneskjerm. Eg valgte å bruka gress, gåsungar, Allium og Stjerneskjerm.

 
I gang med første oppgåva :)

 
Resulatet skal verte eit brudearbeid.

 
Snart ferdig...

 
Siste finish..

 
Til den forberedte oppgava laga eg ein paraply. Brudeparaply. Brukte dottera mi sin paraply, fjerna stoffet, spraya stengene kvite, og lakka toppen og tuppane med perlemor. Eg brukte so ein hekladuk, og behandla den med strykestivelse. (Tok ein heil evighet....) Til slutt strakk eg den på paraplyskjelettet.

 
Eg valgte å bruka Chrysanthemum Santini "Ferry", den er så lekker og veldig holdbar. Med tanke og på oppgaveteksten er og blomsten nesten som ein mosaikk i seg sjølv. Kvelden før sorterte eg alle blomstrane etter størrelse og snitta de.
 

 
Nærma seg halvferdig...

 
Eg limte ein og ein blomst på paraplyen... Tok si tid, men 1 time og 45 minutt var akkurat nok! Sjølve skaftet til paraplyen vikla eg på forhånd med blonde. Handtaket fjerna eg og satte store perler på rad i bunn.

 
Dette er sjette gong eg deltek på distriktsmesterskapet, og det er so kjekt! Svært lærerikt, og ein artig avveksling frå kvardagen. Og so treff ein så mange kjekke blomsterfolk ifrå fylket:)

 
Nærbilde av Chrysanthemumen: LEKKER!

 
 Eg endte til slutt på ein 6. plass i mesterskapet, det er eg nøgd med denne gongen. Svært dyktige konkurrentar! :)
 
Lokalavisa Strilen var og innom mesterskapet, og vil du lesa ka ho skreiv
 
 
Ingvill

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar