tirsdag 26. februar 2013

Brudebukett og bryllupsdekor...

 
...i lilla og kvitt... Ein lekker fargekombinasjon. Lilla er ein farge som finst i veldig mange fargetonar, og de aller fleste av de, passar fint saman. Brura er ei god venninne, og ønska seg kvitt og lilla. Utover det, gav dei oss frie tøylar. Brudekjolen var stilrein med lekre strassdetaljar. Me valgte å lage brudebuketten med ei sydd rose, såkalla "Glamelia", med mansjett og heng av Marmorlanterneplante (Ceropegia), lilla kronblader av Vanda-orkide', strassdetaljar, lilla perler og sølvhjerter...
 
 
 
©©©
 
 
Til å dekorere kyrkja, laga me 6 tre av Syrin-greiner, som fekk luftig blomsterdekor i lilla og kvitt. Trea stod som ein alle'  langs midtgangen. Trea tok me med til festlokalet, der nokre av de stod utanfor inngangen, og de andre inne i salen.

 
Til alteret laga me store bukettar med Levkøy i lilla.

 
Brudebukett i dråpeform...
 


 
Corsagen/Knappholsblomen til brudgommen var ei rose, dekorert med kronblad av Vanda-orkide' og eit strasshjarte.

 
Borddekorasjonar i kvitt og lilla sjølvsagt... På bordet strødde me i tillegg sølvhjarter, og lilla steinar.


 
Brudebuketten ligg på bordet foran brudeparet under middagen.

 
De nygifte!
©
 
 
 Og som brudeparet så fint sa det sjølv:
 
"Måtte lykken få gro
som graset bak do"
 
 
 
Ingvill&Ailin


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar