onsdag 23. januar 2013

Endelig 2013..og vel so da...:)

Så er me altså 23 dagar inn i det nye året! Synest det er godt med eit nytt år, nye mulighetar, og uendelig mykje tid til å få utretta alt ein har lyst til...eller? :) Tida går fort, og å oppdatera bloggen måtte til stadighet prioriterast vekk for andre oppgåver. Papirarbeid for eksempel......og vareteljing....heldigvis nesten eit heilt år til da skal gjerast igjen :) :) Viser idag nokre arbeid me har laga, og litt bilder frå butikken,  som strålar av vår:)
 
 
Frisk plantegruppe, med orkide', eføy, Anthurium og Primula. Deilig med gult, som lyser opp:)

 
Primula er sjølvskriven i butikken på denne årstida. Me har den i mange fargar, og dei duftar deilig! Det er mange som trur at det er vanskelig å få til primula, men sannheita er at det ikkje er meininga at den skal vare i månadsvis... Meir som bukett på rot :) Litt lengre står dei, dersom den blir plassert kjølig nattestid. Og når blomstringa tek slutt, ta vare på planten til den kan plantast ut i hagen, og året etter blomstrar den med  stor sannsynlighet i hagen:)

 
Utrulig dekorartive Crassula, som har fått naturens potte, til å hengja i vindauga, eller annan lys stad.
Tåler lange periodar med lite vatn:)

 
Mykje lekkert ifrå Nordal og Wikholm i butikken no. Den lekre duse rosafargen er kjempepopulær, og snart kjem den fine potteserien i same farge!

 
Turkis er og tidsriktig, sooo deilig med knæsje fargar som set fart i humøret allereie med morgonkaffien! Frokostserviset med tøft mønster frå Nordal kan skaffast i eit stort utvalg fargar. Ta ein kikk i Nordal sin Vårkatalog :) Finn du noko du likar, ta kontakt for eventuell pris og bestilling.

 
Til slutt eit bilete av den skjønne Narcissus TA "Ziva" paperwhite, som duftar deilig! Dette er ein løkplante, fin å ha inne no som ein forsmak på våren, og seinare plantar du den ut i hagen. Oppfører seg som påskeliljer :)
 
 
Ynskjer alle fine vinterdagar!
 
 
Ingvill&Ailin

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar