torsdag 29. november 2012

Kjærleiksbenken...

I April i år, under kulturdagane i Radøy kommune, skulle Kjærleiksbenken som står i Prestegarden på Manger innviast. Me hørte snakk om at den skulle hatt "litt pynt", og tilbydde oss å dekorera benken. Å lage slike arbeid er så kjekt, å kunne jobbe ute i stort format!
 

Her ser de benken ferdig dekorert før sjølve innvielsen. Hjerta er laga av bjørk som me fann i "hagen", og dekorert med kvite roser, blomstrande kvist frå plommetreet i Smedhagen og blå Perleblomster, Muscari Armeniacum, med løken på. Då heldt de seg lenge!
 
 



 
Detaljbilde, me festa og på eit lite kvitt hjerte av pil.
 

 
Kjærleiksbenken vart innvia av det då vordande brudeparet Lisa og Joakim, medan ordførar i Radøy Jon Askeland tala.

 
Slik stod benken ei god stund i Prestegarden, før hjerta til slutt måtte takast ned. Men Kjærkeiksbenken står der enno, i tilfelle nokon vil gjera bruk av den...til eit frieri kanskje?

 
 
Til slutt eit bilete av de fornøyde dekoratørane, som hadde ein kjekk dag i vårsola!
 
 
Ingvill&Ailin

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar