søndag 28. oktober 2012

Maskinverkstaden sin era er over

Denne helga sendte vi ungane til snille besteforeldre, slik at vi kunne få god hjelp av menna våre og kunne vera til stades begge to. Veldig effektivt fann vi ut etterkvart som den eine tingen etter den andre vart gjort på kortens tid :-)

Vi har blandt juletremerking og anna, jobba intensivt med å tømma maskinverstaden for tunge maskiner!


 
Biletet seier vel litt om kva dimensjonar vi snakkar om.
 
 Det er tilbake til ei tid kor det var maskiner som vart dreven av tannhjul og reimdrift. Ein blir litt nostalgisk og imponert over tida som har vore! Det er fantastisk å sjå korleis smia har fungert i desse to romma. Det blir å lyga dersom vi ikkje seier det er litt stas at vi kan "pusta" liv i desse veggane igjen, og det skal igjen komma folk for å sjå og kjøpa dei fine tinga som vi skal ha i Blomsterverkstaden AS.
 

Sterke "manna" er god og ha!! Hadde det ikkje vore for dei flotte menna våre, hadde det ikkje blitt Blomsterverkstaden AS.
 
 
 
Dette er er boremaskin frå rundt 1950. Den, i likhet med dreiebenken på bileta over vart heisa med heisekran frå maskinverstaden til smia.
 
 
Skrifta på veggen.
 
 Vi finn fleire slike detaljar i maskinverkstaden! Ettersom vi skal ha butikken i desse flotte lokala, som virkelig har sjel i veggane, har vi lyst å bevara noko frå den tida som har vore.
 
 
 
Eit nærbilete
 
 
 
Til slutt ein "happy worker" i veldig skittent "brakkespeil"!
 
 
Ingvill&Ailin
 
 
 
 
 
 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar